Jarle  Midtun

Atelieret stod ferdig i 2008. Med sine vesale 18 kvadratmeter er det fyrst og fremst eit atelier, men det er også eit utstillingsrom for mange av bileta mine. Det har ikkje faste opningstider, men kjem du forbi og eg er heime så er  du hjarteleg velkomen innom.

”Når du har opplevd noko underleg, vakkert, spennande eller kanskje skremmande så kjenner du ei trong til å fortelje det til nokon. Men, stundom kjenner du på kjensler, stemnigar eller hendingar som ikkje lar seg formidle med ord. Nokre av desse ber me med oss som minner og har forma oss. Nokre kan me oppsøkt for me veit kvar dei fins; som ein hemmeleg stad som berre du veit om. Andre igjen kjem og fer i ein augneblink; som eit sjeldent dyr ein råkar i skogen, eg er vekke før ein får summa seg. Dette er kjeldene til mine bilete. Det er mine kjensler, hendingar og stemningar, men i bileta er det eit håp om at du kjenner deg att. At eg gjennom desse bileta kan framkalle noko av det ordlause som du ber med deg.

kanskje ein stad som berre du veit om, ein stad som gjev deg lindring, styrke eller glede. Andre igjen kjem og fer i ein augneblink; som eit sjeldent dyr ein råkar i skogen og er vekke før ein får summa seg. Dette er kjeldene til mine bilete. Det er mine kjensler, hendingar og stemningar, men i bileta er det eit håp om at du kjenner deg att. At eg gjennom desse bileta kan framkalle noko av det ordlause som også du ber med deg.”